Videorespons for elevtekstar: I dette innlegget ønskjer eg å sjå nærare på korleis ein kan utnytte video som ledd i munnleg og digital vurdering av elevarbeid. Eg vil her skissere eit opplegg som eg tenkjer gjennomført i norskfaget, særleg i forbindelse med skriftlege innleveringar og tentamensbesvaringar. Eg vil sjå nærare på konkrete verkty, samt kome med nokre pedagogiske refleksjoner kring gjennomføringa.
Ei av hovudmålsettingane med ei slik digital munnleg vurdering er å utnytte fordelar knytta til munnlege tilbakemeldingar. Konkrete fordelar med munnleg respons:
- Skrivne tilbakemeldingar kan fort oppfattast som absoluttar. I arbeidet med tekstskaping er det derimot sjeldan ein einskild mal eller fasit. Videorespons kan i så måte fungere som metode for å skape nyanserte tilbakemeldingar, der ein gjennom tale kan utdjupe og forklare eigne vurderingspraktiske refleksjonar.
- Elevar har ulike læringsstilar. For auditivt sterke elevar kan videorespons vere ei effektiv vurderingsform som førar til betre læringsutbytte.
- Tilbakemelding bør verte bearbeida av elevar tidsmessig nært innleveringstidspunkt for at vurderinga skal fungere formativt og bidra til eit godt læringsutbytte. Videorespons kan i så måte utnyttast når det tidsmessige spriket mellom skriveprosess og tilbakemelding vert stor (eksempelvis ved større innleveringar som tentamenar og liknande som tek lengre tid å rette). Dette fordi ein som lærar gjennom videoen kan gå aktivt inn i teksten og forklare utover kva som er mogleg i ein isolert tekstleg kommentar. Verdien av vurderinga kan her sjåast som forsterka.
- Videorespons kan sjåast som eit alternativ for den tradisjonelle munnlege tilbakemeldinga. Elevsamtalar er eit viktig element knytt til den formative undervegsvurderinga. Likevel kan det vere vanskeleg å frigjere ressursar til å ta ein munnleg respons for kvar einskild elev. Med ei sjølvdriven klasse kan ein kanskje ta seg fridom til å ta individuell munnleg respons på gangen, medan restan av klassa arbeidar med konkrete arbeidsoppgåver på eiga hand. Har ein ikkje denne moglegheita så kan videorespons vere eit godt alternativ.
Eksempel på videorespons på elevtekstar finn du frå og med 3:05 i videoen under:
Krav til førebuing: På førehand må ein som lærar finne ut kva for verkty ein ønskjer å nytte i vurderingsprosessen. Når det kjem til videorespons tenkjer eg her særleg på val av tekstbehandlar og skjermopptaksprogramvare.
Tekstprogram som Word og Google Documents har begge funksjonar for å leggje inn kommentarar i løpande tekst. Dette ser eg som den viktigaste funksjonaliteten i dette hensjåande. Slik kan ein nemleg skriftleg gå inn i teksten og peike på konkrete eksempel. I så måte er det altså ikkje så nøye kva for av desse to alternativa ein vel. Den vidare funksjonaliteten vert difor gjerne avgjerande for valet.
- Eg har lenge vore tilhengjar av Google Documents, og den tilhøyrande nettskyløysinga Drive. Dette fordi dette er ein enkel og brukarvennleg tekstbehandlar med den viktigaste funksjonaliteten. Samtidig er det her særs gode moglegheiter for deling og samskriving. Dette gir mange moglegheiter. I høve vurdering kan det særleg vere nyttig å som lærar verte invitert med som responsgivar undervegs i skriveprosessen. Dette er eit eksempel på korleis Google Documents kan utnyttast for å skape prosessorienterte skriveprosessar, med særleg fokus på formativ vurdering (undervegsvurdering).
- Google var tidleg ute med samskrivingsfunksjonalitet og integrering i nettskya. Likevel har Microsoft tatt store steg, og på mange måtar teken igjen forspranget. I dag får du den velkjende tekstbehandlaren Word med synkroniseringsmoglegheit for nettsky og samskriving. Ein kan her velje om ein ønskjer å nytte den fullverdige Word-programmet for PC, eller om ein vil nytte den noko reduserte tekstbehandlaren gjennom nettlesaren. Begge fungerar godt, og inkluderar funksjonaliteten du forventar. Per dags dato vil eg faktisk påstå at eg føretrekk Microsofts nettbaserte tekstbehandlar. Denne finn ein gratis når ein loggar på nettskya OneDrive med ein Microsoft-konto.
Reint vurderingsspesifikt ønskjer eg å påpeike viktigheita av å ha bearbeida elevteksten før video-opptaket. Ein kan tenkje seg at ein kan spare tid på å spele inn ein video på strak arm. I praksis kan dette derimot føre til redusert kvalitet, mindre konkret tilbakemelding, og ein video som vert lengre enn ønskeleg. Kort og konkret er gode stikkord for gode læringsvideoar – også når det kjem til videorespons. Førebuing i form av eit manus, eller gjerne utgangspunkt i ei skriftleg vurdering kan difor bidra til eit betre resultat.
Skjermopptak: Det finst fleire gode skjermopptaksprogram (både gratis og betalingsprogram).
– Screen-Cast-O-Matic (trykk lenka for å sjå eksempelvideo) er ein enkel og nett skjermopptakar med den mest grunnleggjande funksjonaliteten. Her kan du ta opp skjermbilete, velje kjelde for lyd (mikrofon), velje ut området på skjermen som du ønskjer å ta opptak frå – samt viktig pausefunksjonen som er særdeles viktig. Dette er eit godt alternativ for deg som ikkje har laga skjermopptak tidlegare, og som ønskjer eit enkelt grensesnitt.
Som eksempel på bruk av Screen-Cast-O-Matic kan du også sjå mitt første forsøk på skjermopptak og instruksjonsvideo:
– Camtasia er ein fullblods opptakar med mykje funksjonalitet, og samtidig eit brukarvennleg grensesnitt. Camtasia kan i tillegg sjåast som eit fullverdig videoredigeringsverkty med moglegheit for å leggje til bilete, musikk, animasjonar, effektar, notatar. Bakdelen med denne programvara er at den kostar pengar. Kan kjøpast som skulelisens til rabatterte prisar frå leverandøren TechSmith.
– Jing (trykk lenka for å sjå introduksjonsfilm for Jing) vert laga av same produsent som Camtasia. Dette er derimot eit gratis alternativ, som kan karaktariserast som eit kompromiss mellom dei to overnemnde produkta. Her får du funksjonaliteten du treng for å lage gode skjermopptak. Dette inkluderar moglegheiter for å notere og teikne peikarar og modellar inn i videoen. Dessverre er det her ein bakdel i form ei maksgrense på 5 minutt lange videoar. Til gjengjeld så kan ein påstå at videoar utover denne lengda kan verte i overkant lange, og at det er til fordel for læringsutbyttet å halde seg innanfor denne grensa.
Har du erfaring med skjermopptak, og eksempel på andre gode skjermopptaksprogram? Legg gjerne igjen ein kommentar i kommentarfeltet.