Eg skriv denne våren bacheloroppgåve i pedagogikk. Her tek eg føre meg korleis elevar eksponert for læringsvideoar oppfattar sitt eige læringsutbytte, og potensiale og moglegheiter knytta til video i undervisinga.
For å kunne undersøke dette nærare, og hente empiri frå praksis, lagar eg læringsvideoar til dei ulike emna eg undervisar. Som eit første forsøk, har eg laga ein læringsvideo om parlamentarismens inntog i Noreg. Har her nytta softwaren Camtasia.
Microsoft har i seinare tid komen med ein spanande programvare. Microsoft Mix er eit tillegg til Powerpoint, som legg til opptaks- og skjermteikningsfunksjonalitet direkte mynta på læringsvideoar. Den mest spanande nye funksjonaliteten er nok likevel moglegheita til å leggje ut forelesingar for deling, samt å leggje til spørsmål og oppgåver direkte i videoane. Vil prøve ut dette i dei komande vekane.