Oppdatert 26.11.14, klokka 14:16.
Delingskultur. «Delt kunnskap gir økt kunnskap». Slik lyder slagordet for onlinekurset Smart Læring, der omlag 1300 ivrige lærarar og studentar utforskar korleis teknologi og digitale tenester kan bidra til å skape effektive arbeids- og læringsprosessar. Gjennom denne bloggen vil også eg forsøke å bidra til denne delingskulturen.
Post-It. Kven har vel ikkje nytta desse fargerike notislappane? Praktiske når ein skal skrive små beskjedar, gjerne til seg sjølv. Ofte fordi det er noko ein skal hugse. Anten det er dagens handleliste eller ein brilliant idé som må bevarast før den gjeng til spille. I studiekvardagen er eg avhengig av å halde kontroll over tankar og idéar. Dette kjem eksempelvis til syne når eg tek fatt på fagtekstskriving og bacheloroppgåve. Dei gode idéane kjem ikkje naudsynt akkurat når ein sitt ved tastaturet. Eg er difor avhengig av å få tatt vare på desse der og då. Eg vil difor ta føre meg ein av tenestene som har vorte viktig i min studiekvardag.

Google Keep: er ei teneste tilgjengeleg på ei rekkje plattformar, blant anna som app til både smartmobil og PC. Denne kan på mange måtar sjåst som ei videreutvikling av dei tradisjonelle gul-lappane. Gjennom Google Keep kan ein skrive enkle notatar, raskt og effektivt. Desse vert automatisk synkronisert til din Google-konto. Skriv du eit notat på mobiltelefonen, vil det sekundar seinare også dukke opp på alle dine andre einingar. Skulle eg plutseleg få ein idé til bacheloroppgåva mi på bussen, kan eg umiddelbart skrive den ned. Når eg seinare befinn meg ved tastaturet, kan eg prosessere tankane vidare.
Søkbart. Google Keep har dessutan ein annan viktig funksjon, som den papirbaserte forløparen manglar. Søkemotoren! Gjennom denne finn ein alltid fram til notisane ein leitar etter. Sjølv om dei skulle vere gamle, og langt tilbake i bakevja.
Fargekodar og deling. Etter at dette blogginnlegget vart skreven, har Google kome med vesentlege oppdateringar til funksjonaliteten. Blant anna har det no vorte mogleg å enkelt dele notatane med andre. Dette er ein særs etterlengta funksjon, med stor nyttegrad. Sjølv ser eg særleg nytta av å kunne dele eller motta, eksempelvis, handlelista medan eg er på farta. Den andre funksjonen som har vorte lagt til er moglegheita til å søke i fargekodar. Ein har no moglegheita til å strukturere og søke notatane etter fargar.
Nettsida DinSide publiserte nyleg ein artikkel vedrørande den oppdaterte funksjonaliteten. Denne kan vere vert ein visitt.