Oppdatert 26. november 2014, 13:30.
Gjenskapar fortida. Det er ikkje dei store organisatoriske endringane som skil dagens norske skule frå 1800-talets. Elevane er fortsatt delt inn i klasser etter alder. Læraren er fortsatt sentrum i klasserommet, og heilt fram til i dag er førelesing og auditiv input den mest nytta undervisningsforma i skulen. Strevar norsk skule med endringskulturen? Ikkje meir enn 15 prosent av elevane nyttar PC meir enn tre timar i veka i skulesamanheng, viser tal frå Senter for IKT i utdanningen (2011). Digitalitet er stadfesta som ei grunnleggjande ferdigheit på linje med lesing, skriving, rekning og munnlege ferdigheiter. Då er tre timar i veka låge tal. Dette syner at digitale tenester i hovudsak vert sett på som verkty. Verkty som kan supplementere læreboka. Trass skulereformar og store pengebevilgingar til IKT-satsing i norsk skule, så fortsett ein å gjenskape dei same utdaterte læringsprosessane.

Kritikk. Debatten rundt bruk av digitale tenester i skulen er turbulent. I media kan det tidvis sjå ut som hovudspørsmåla er om ein i det heileteken skal bruke datamaskinar, nettbrett og mobiltelefonar i skulen, og om ein skal skru av dei trådlause nettverka. Sjølvsagt er det mogleg å argumentere for at digitale verkty ikkje bidreg til auka læring. Det er også fullt mogleg å finne forskning på dette. Likevel er det meiningslaust å sjå digitalitet som eit middel åleine. Om ein byttar ut blyanten med eit tastatur, så har ein fortsatt ikkje endra læringsprosessen. Om dei femten prosenta som på skulen nyttar datamaskina tre timar eller meir, nyttar tida til å skrive i Word – så betyr ikkje dette at ein har utnytta digitale tenesters potensial, til å skape effektive læringsprosessar.
Tidstjuv? Dei fleste elevar i dagens skule meistrar både operativsystem og nettlesarar. Born er heller ikkje redd for å prøve. Difor kan ein vanskeleg sjå meistring av datamaskiner og digitale einingar som det mest trykkjande punktet. Problemet slik eg ser det, går på tilhøvet mellom fritidskultur og skulekultur. Slik undersøkingane frå IKT-senteret syner, har digitale tenester ei minimal rolle i dagens skule. På fritida vert datamaskinar, nettbrett og mobilar nytta til spel, sosiale medier, og andre fritidsorienterte emne. Elevane oppnår difor stor grad av meistring knytt til digitale einingar i fritida. I debatten kan det verke som om desse ferdigheitene er eit samfunnsmessig problem, og at skulane difor er nøydd å stengje dei trådlause nettverka. Dette kan også tolkast som eit ønskje om ansvarsfråskriving. Ei ansvarsfråskriving frå skulens samfunnsmandat. Formålsparagrafen påpeikar klart og tydeleg at elevane «[…] skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet». Difor må det også vere skulens oppgåve å setje dei digitale ferdigheitene i ein skulsk kontekst, og å oppsede elevar til å meistre eit teknologitungt samfunn med utallige stimuli og impulsar. Skulen må setje rammene for effektive læringsprosessar, basert på samfunnet og dei ressursane ein har tilgjengeleg. Kanskje burde ein faktisk forsøke å utnytte dei digitale media for læring, før ein peikar ut digitalitet som ein tidstjuv som ikkje høyrer heime i skulen?
Kulturell kløft. Ein ønskjer nødig å skape eit skarpare skilje mellom elevars fritidskultur og læringskulturen i klasseromma. Som lærar har ein kanskje opplevd på kroppen kvifor fagstoff må setjast i ein elevnær kontekst. Kva skjer når dei unge på fritida spelar online med kommunikasjon og samhandling på engelsk? Når dei nyttar undervisingsvideoar på Youtube når nye låtar skal lærast på gitar? Kva skjer når pensum og all verdens kunnskap ligg tilgjengeleg på nettet, medan læreboka og læraren i klasserommet fortsatt stend som den einerådande læringskjelda? Risikerar ein då at enno fleire fell frå?Formålsparagrafen stadfestar skulens samfunnsmandat. Då må det også vere skulens oppgåve å oppsede elevane til å meistre livet i eit teknologitungt samfunn, og å utnytte digitale tenester for å skape effektive læringsprosessar.
Samfunnsmandatet. Kva skjer når skuledagen er over, eller når ein elev er ferdig i grunnskulen? Universitetsavisa Universitas la i vår fram ei undersøking frå Norsk Studentorganisasjon, som syner at oppimot 10.000 studentar nyttar sentralstimulerande og potensielt prestasjonsfremjande preparat til eksamen. I undersøkinga kjem det fram at mange har nytta ADHD-medisinar for å auke konsentrasjonen, og amfetamin vert nytta for å prestere betre på skulebenken. Difor spør eg. Vil stenging av skulens nett-tilgang, og gjentatt ansvarsfråskriving frå skulens hold, bidra til at dei unge håpefulle vert effektive og sjølvstendige borgarar som meistrar kvardagen i eit medietungt samfunn?
Innlegget er skriven med utgangspunkt i kapittelet «Utdanning i perspektiv» frå Krokan, A. (2012). Smart Læring: Hvordan IKT og sosiale medier endrer læring. Henta frå ebok.no
Inspirert av: Robinson. K. (2010). Bring on the learning revolution! Henta frå: lenke | Robinson. K. (2010) Changing Education Paradigms. Henta frå: lenke | Robinson. K. (2006). How Schools Kills Creativity. Henta frå: lenke
Hei
Dette vart eit interessant blooginnlegg med tanke skulen si utvikling.
Når det gjelder bruk av word så kan eg anbefala å lesa
om Arne Trageton, som viser korleis mykje av skrive
og leseopplæring kan baserast på kreativ bruk av skriveprgram
som word. Ser samstundes utfordring iht kreativ bruk av IKT
dersom du siktar til at datamaskinar vert nytta som ein
elektrisk skrivemaskin åleine.
Når det gjeld utfordringar med bruk av ikt så hadde eg ein
pedlærar som nytta ikt læremiddel som t.d blogg. Han understreka
også at utfordringa med ikt, som bruk av datamaskina, er at
det for elevane der ligg mange fleire moglegheiter enn å
utføra skjølve læreaktiviteten. I så fall så vert utfordringa
å få nytta IKT i styrte læringsprosessar som ikkje fristar
å gå tilbake til analoge løysningar med begrunning
at det er oversiktleg og lettare å sjå om elevane får
arbeida seg fram mot til dømes viktige prøvar.
Ser elles at det ynskjeleg i skulen at ein nyttar IKT, men
at infrastrukturen ofte vert ein rammefaktor.
Hei
Du har en interessant vinkel på dit indlæg. Jeg mener du taget et meget vigtigt emne op: at IKT skal anvendes i undervisningen men ikke fordi man skal men fordi den kan øge læringen. Det skal altså ikke være tale om IKT for IKT’ens skyld men at IKT er et af mange forskellige virkemidler vi som lærer har. IKT skal derfor bruges når det er et pædagogisk argument for at bruge det.
Jeg savner differentiering i dit indlæg. I de humanistiske fag er der rig mulighed for at finde informationer om emner, samskrive om emer ect.. Det er bare ikke alle fag hvor dette er lige let. Som matematik lærer ser jeg at eleverne meget ofte slider med at forstå matematik på egenhånd. Mange er ikke i stand til å læse matematik. Kan du ikke læse kan du ikke formulere dig på skrift heller. Dette betyder ikke at IKT ikke skal anvendes i matematikundervisningen. Jeg ser vel en mere projektorienteret tilgangsvinkel med brug af IKT til belysning av problem-udredninger.
Einig i mykje av det du seier Marianne. Ønskjer likevel å trekkje fram læringsanalyse og adaptivlæring som særs spanande for matematikkfaget. Har du nokon erfaring med dette?
0 Pingbacks