holgertov

– ein lærarstudents blogg om digitale læreprosessar og #smartlæring

Microsoft med IKT-revolusjon for klasserommet? — oktober 6, 2015

Microsoft med IKT-revolusjon for klasserommet?

Microsoft har den siste tida vore særs aktive på lanseringsfronten. Dei siste månaden har dei lansert Windows 10, Office 2016, og ein ny serie Surface-maskiner. Korleis kan desse produkta bidra til å endre korleis IKT vert nytta, og korleis ser eg føre meg at slike produkt kan nyttast til i klasserommet. Nokre raske stikkord og tankar:

OneDrive og Office 2016. Tilgjengelegheit. Samskriving i sanntid. Automatisk lagring. Undervegsvurdering og prosessorientert skriving.

OneNote. To perspektiv:
– Auka potensiale for tavla som læringsressurs, og lærarens eigne notatar. Læraren kan skrive på tavla kva tid som helst, kor som helst, og ta vare på kva som helst. Det vere seg å ta fram dei handskrevne tavlenotata ved ei seinare anledning, å ta lydopptak av elevars munnlege framføring, eller fotografisk dokumentasjon eller scanning av elevarbeid. Alt kan samlast i OneNote for personleg bruk, eller for deling med akkurat den du måtte ønske.

– Digital skrivebok = undervegsvurdering og notatskaping. Tekst, lyd, bilete, handskrift, avanserte handskrevne matteutrekningar, excel-tabellar, diktafon som føljer etter dei skriftlege notata dine eller gjennomgangen av powerpointen.

Surface: Fullverdig laptop. Fullverdig PC. Kombinert med trådlaus skjermspegling er Surface-maskinene lærarens ultimate kompanjong for digital produktivitet – og til styring av det digitale klasserommet. Tre alternativ: Alle alternativa er særdeles portable maskinar, med medføljande penn kapasitiv penn, som ein

– Den rimelege, og mest portable varianten Surface 3.
– Den dyrare, men kraftigare Surface Pro 3 (Surface Pro 4 kjem i slutten av månaden)
Den ultimate laptopen+det ultimate skrive/teiknebrettet=i same maskin: Den superkraftige Surface Book, som er litt større, men samtidig både lett og faktisk tynnare enn Pro-versjonen. Har eit særeige hengsel som forvandlar PCen til eit 13 tommars nettbrett.

Miracast og WIDI: Trådlaus skjermspegling gjer at ein kan skrive på tavla frå kor som helst i rommet. Ein er ikkje lenger låst til tavla eller smartboarden. Alt ein treng er ein skjerm, eit lerret eller eit smartboard. Læraren kan gå rundt og modellere for kvar einskild elev, og samtidig ta kopiere og lime inn eksempla rett på «tavla» utan å bruke tid på å skrive/teikne det meir enn ein gong.

Office Mix: Eit tillegg til Microsofts velkjende Powerpoint. Med dette tillegget kan du gjere powerpointen din til ein interaktiv læringsressurs med både video og quizoppgåver. Kan nyttast til læringsvideoar.

Har du erfaring med nokre av desse tenestene og produkta i klasserommet, eller har du andre spørsmål eller tankar? Legg gjerne ved ein kommentar.

Læringsvideo: Parlamentarismen i Norge — februar 11, 2015

Læringsvideo: Parlamentarismen i Norge

Eg skriv denne våren bacheloroppgåve i pedagogikk. Her tek eg føre meg korleis elevar eksponert for læringsvideoar oppfattar sitt eige læringsutbytte, og potensiale og moglegheiter knytta til video i undervisinga.

For å kunne undersøke dette nærare, og hente empiri frå praksis, lagar eg læringsvideoar til dei ulike emna eg undervisar. Som eit første forsøk, har eg laga ein læringsvideo om parlamentarismens inntog i Noreg. Har her nytta softwaren Camtasia.

Microsoft har i seinare tid komen med ein spanande programvare. Microsoft Mix er eit tillegg til Powerpoint, som legg til opptaks- og skjermteikningsfunksjonalitet direkte mynta på læringsvideoar. Den mest spanande nye funksjonaliteten er nok likevel moglegheita til å leggje ut forelesingar for deling, samt å  leggje til spørsmål og oppgåver direkte i videoane. Vil prøve ut dette i dei komande vekane.

Videorespons for elevtekstar — januar 27, 2015

Videorespons for elevtekstar

Videorespons for elevtekstar: I dette innlegget ønskjer eg å sjå nærare på korleis ein kan utnytte video som ledd i munnleg og digital vurdering av elevarbeid. Eg vil her skissere eit opplegg som eg tenkjer gjennomført i norskfaget, særleg i forbindelse med skriftlege innleveringar og tentamensbesvaringar. Eg vil sjå nærare på konkrete verkty, samt kome med nokre pedagogiske refleksjoner kring gjennomføringa.

Ei av hovudmålsettingane med ei slik digital munnleg vurdering er å utnytte fordelar knytta til munnlege tilbakemeldingar. Konkrete fordelar med munnleg respons:

  • Skrivne tilbakemeldingar kan fort oppfattast som absoluttar. I arbeidet med tekstskaping er det derimot sjeldan ein einskild mal eller fasit. Videorespons kan i så måte fungere som metode for å skape nyanserte tilbakemeldingar, der ein gjennom tale kan utdjupe og forklare eigne vurderingspraktiske refleksjonar.
  • Elevar har ulike læringsstilar. For auditivt sterke elevar kan videorespons vere ei effektiv vurderingsform som førar til betre læringsutbytte.
  • Tilbakemelding bør verte bearbeida av elevar tidsmessig nært innleveringstidspunkt for at vurderinga skal fungere formativt og bidra til eit godt læringsutbytte. Videorespons kan i så måte utnyttast når det tidsmessige spriket mellom skriveprosess og tilbakemelding vert stor (eksempelvis ved større innleveringar som tentamenar og liknande som tek lengre tid å rette). Dette fordi ein som lærar gjennom videoen kan gå aktivt inn i teksten og forklare utover kva som er mogleg i ein isolert tekstleg kommentar. Verdien av vurderinga kan her sjåast som forsterka.
  • Videorespons kan sjåast som eit alternativ for den tradisjonelle munnlege tilbakemeldinga. Elevsamtalar er eit viktig element knytt til den formative undervegsvurderinga. Likevel kan det vere vanskeleg å frigjere ressursar til å ta ein munnleg respons for kvar einskild elev. Med ei sjølvdriven klasse kan ein kanskje ta seg fridom til å ta individuell munnleg respons på gangen, medan restan av klassa arbeidar med konkrete arbeidsoppgåver på eiga hand. Har ein ikkje denne moglegheita så kan videorespons vere eit godt alternativ.

Eksempel på videorespons på elevtekstar finn du frå og med 3:05 i videoen under:

Krav til førebuing: På førehand må ein som lærar finne ut kva for verkty ein ønskjer å nytte i vurderingsprosessen. Når det kjem til videorespons tenkjer eg her særleg på val av tekstbehandlar og skjermopptaksprogramvare.

Tekstprogram som Word og Google Documents har begge funksjonar for å leggje inn kommentarar i løpande tekst. Dette ser eg som den viktigaste funksjonaliteten i dette hensjåande. Slik kan ein nemleg skriftleg gå inn i teksten og peike på konkrete eksempel. I så måte er det altså ikkje så nøye kva for av desse to alternativa ein vel. Den vidare funksjonaliteten vert difor gjerne avgjerande for valet.

  • Eg har lenge vore tilhengjar av Google Documents, og den tilhøyrande nettskyløysinga Drive. Dette fordi dette er ein enkel og brukarvennleg tekstbehandlar med den viktigaste funksjonaliteten. Samtidig er det her særs gode moglegheiter for deling og samskriving. Dette gir mange moglegheiter. I høve vurdering kan det særleg vere nyttig å som lærar verte invitert med som responsgivar undervegs i skriveprosessen. Dette er eit eksempel på korleis Google Documents kan utnyttast for å skape prosessorienterte skriveprosessar, med særleg fokus på formativ vurdering (undervegsvurdering).
  • Google var tidleg ute med samskrivingsfunksjonalitet og integrering i nettskya. Likevel har Microsoft tatt store steg, og på mange måtar teken igjen forspranget. I dag får du den velkjende tekstbehandlaren Word med synkroniseringsmoglegheit for nettsky og samskriving. Ein kan her velje om ein ønskjer å nytte den fullverdige Word-programmet for PC, eller om ein vil nytte den noko reduserte tekstbehandlaren gjennom nettlesaren. Begge fungerar godt, og inkluderar funksjonaliteten du forventar. Per dags dato vil eg faktisk påstå at eg føretrekk Microsofts nettbaserte tekstbehandlar. Denne finn ein gratis når ein loggar på nettskya OneDrive med ein Microsoft-konto.

Reint vurderingsspesifikt ønskjer eg å påpeike viktigheita av å ha bearbeida elevteksten før video-opptaket. Ein kan tenkje seg at ein kan spare tid på å spele inn ein video på strak arm. I praksis kan dette derimot føre til redusert kvalitet, mindre konkret tilbakemelding, og ein video som vert lengre enn ønskeleg. Kort og konkret er gode stikkord for gode læringsvideoar – også når det kjem til videorespons. Førebuing i form av eit manus, eller gjerne utgangspunkt i ei skriftleg vurdering kan difor bidra til eit betre resultat.

Skjermopptak: Det finst fleire gode skjermopptaksprogram (både gratis og betalingsprogram).

Screen-Cast-O-Matic (trykk lenka for å sjå eksempelvideo) er ein enkel og nett skjermopptakar med den mest grunnleggjande funksjonaliteten. Her kan du ta opp skjermbilete, velje kjelde for lyd (mikrofon), velje ut området på skjermen som du ønskjer å ta opptak frå – samt viktig pausefunksjonen som er særdeles viktig. Dette er eit godt alternativ for deg som ikkje har laga skjermopptak tidlegare, og som ønskjer eit enkelt grensesnitt.

Som eksempel på bruk av Screen-Cast-O-Matic kan du også sjå mitt første forsøk på skjermopptak og instruksjonsvideo:

Camtasia er ein fullblods opptakar med mykje funksjonalitet, og samtidig eit brukarvennleg grensesnitt. Camtasia kan i tillegg sjåast som eit fullverdig videoredigeringsverkty med moglegheit for å leggje til bilete, musikk, animasjonar, effektar, notatar. Bakdelen med denne programvara er at den kostar pengar. Kan kjøpast som skulelisens til rabatterte prisar frå leverandøren TechSmith.

– Jing (trykk lenka for å sjå introduksjonsfilm for Jing) vert laga av same produsent som Camtasia. Dette er derimot eit gratis alternativ, som kan karaktariserast som eit kompromiss mellom dei to overnemnde produkta. Her får du funksjonaliteten du treng for å lage gode skjermopptak. Dette inkluderar moglegheiter for å notere og teikne peikarar og modellar inn i videoen. Dessverre er det her ein bakdel i form ei maksgrense på 5 minutt lange videoar. Til gjengjeld så kan ein påstå at videoar utover denne lengda kan verte i overkant lange, og at det er til fordel for læringsutbyttet å halde seg innanfor denne grensa.

Har du erfaring med skjermopptak, og eksempel på andre gode skjermopptaksprogram? Legg gjerne igjen ein kommentar i kommentarfeltet.

Ein skule frå 1800-talet — september 22, 2014

Ein skule frå 1800-talet

Oppdatert 26. november 2014, 13:30.


Gjenskapar fortida. Det er ikkje dei store organisatoriske endringane som skil dagens norske skule frå 1800-talets. Elevane er fortsatt delt inn i klasser etter alder. Læraren er fortsatt sentrum i klasserommet, og heilt fram til i dag er førelesing og auditiv input den mest nytta undervisningsforma i skulen. Strevar norsk skule med endringskulturen? Ikkje meir enn 15 prosent av elevane nyttar PC meir enn tre timar i veka i skulesamanheng, viser tal frå Senter for IKT i utdanningen (2011). Digitalitet er stadfesta som ei grunnleggjande ferdigheit på linje med lesing, skriving, rekning og munnlege ferdigheiter. Då er tre timar i veka låge tal. Dette syner at digitale tenester i hovudsak vert sett på som verkty. Verkty som kan supplementere læreboka. Trass skulereformar og store pengebevilgingar til IKT-satsing i norsk skule, så fortsett ein å gjenskape dei same utdaterte læringsprosessane.

Lite har forandra seg i skulen. Forelesing og auditiv input stend fortsatt for 60% av undervisningsformane i klasserommet.
Lite har forandra seg i skulen. Forelesing og auditiv input stend fortsatt for 60% av undervisningsformane i klasserommet.

Kritikk. Debatten rundt bruk av digitale tenester i skulen er turbulent. I media kan det tidvis sjå ut som hovudspørsmåla er om ein i det heileteken skal bruke datamaskinar, nettbrett og mobiltelefonar i skulen, og om ein skal skru av dei trådlause nettverka. Sjølvsagt er det mogleg å argumentere for at digitale verkty ikkje bidreg til auka læring. Det er også fullt mogleg å finne forskning på dette. Likevel er det meiningslaust å sjå digitalitet som eit middel åleine. Om ein byttar ut blyanten med eit tastatur, så har ein fortsatt ikkje endra læringsprosessen. Om dei femten prosenta som på skulen nyttar datamaskina tre timar eller meir, nyttar tida til å skrive i Word – så betyr ikkje dette at ein har utnytta digitale tenesters potensial, til å skape effektive læringsprosessar.

Tidstjuv? Dei fleste elevar i dagens skule meistrar både operativsystem og nettlesarar. Born er heller ikkje redd for å prøve. Difor kan ein vanskeleg sjå meistring av datamaskiner og digitale einingar som det mest trykkjande punktet. Problemet slik eg ser det, går på tilhøvet mellom fritidskultur og skulekultur. Slik undersøkingane frå IKT-senteret syner, har digitale tenester ei minimal rolle i dagens skule. På fritida vert datamaskinar, nettbrett og mobilar nytta til spel, sosiale medier, og andre fritidsorienterte emne. Elevane oppnår difor stor grad av meistring knytt til digitale einingar i fritida. I debatten kan det verke som om desse ferdigheitene er eit samfunnsmessig problem, og at skulane difor er nøydd å stengje dei trådlause nettverka. Dette kan også tolkast som eit ønskje om ansvarsfråskriving. Ei ansvarsfråskriving frå skulens samfunnsmandat. Formålsparagrafen påpeikar klart og tydeleg at  elevane «[…] skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet». Difor må det også vere skulens oppgåve å setje dei digitale ferdigheitene i ein skulsk kontekst, og å oppsede elevar til å meistre eit teknologitungt samfunn med utallige stimuli og impulsar. Skulen må setje rammene for effektive læringsprosessar, basert på samfunnet og dei ressursane ein har tilgjengeleg. Kanskje burde ein faktisk forsøke å utnytte dei digitale media for læring, før ein peikar ut digitalitet som ein tidstjuv som ikkje høyrer heime i skulen?

Kulturell kløft. Ein ønskjer nødig å skape eit skarpare skilje mellom elevars fritidskultur og læringskulturen i klasseromma. Som lærar har ein kanskje opplevd på kroppen kvifor fagstoff må setjast i ein elevnær kontekst. Kva skjer når dei unge på fritida spelar online med kommunikasjon og samhandling på engelsk? Når dei nyttar undervisingsvideoar på Youtube når nye låtar skal lærast på gitar? Kva skjer når pensum og all verdens kunnskap ligg tilgjengeleg på nettet, medan læreboka og læraren i klasserommet fortsatt stend som den einerådande læringskjelda? Risikerar ein då at enno fleire fell frå?Formålsparagrafen stadfestar skulens samfunnsmandat. Då må det også vere skulens oppgåve å oppsede elevane til å meistre livet i eit teknologitungt samfunn, og å utnytte digitale tenester for å skape effektive læringsprosessar.

Samfunnsmandatet. Kva skjer når skuledagen er over, eller når ein elev er ferdig i grunnskulen? Universitetsavisa Universitas la i vår fram ei undersøking frå Norsk Studentorganisasjon, som syner at oppimot 10.000 studentar nyttar sentralstimulerande og potensielt prestasjonsfremjande preparat til eksamen. I undersøkinga kjem det fram at mange har nytta ADHD-medisinar for å auke konsentrasjonen, og amfetamin vert nytta for å prestere betre på skulebenken. Difor spør eg. Vil stenging av skulens nett-tilgang, og gjentatt ansvarsfråskriving frå skulens hold, bidra til at dei unge håpefulle vert effektive og sjølvstendige borgarar som meistrar kvardagen i eit medietungt samfunn?


Innlegget er skriven med utgangspunkt i kapittelet «Utdanning i perspektiv» frå Krokan, A. (2012). Smart Læring: Hvordan IKT og sosiale medier endrer læring. Henta frå ebok.no
Inspirert av: Robinson. K. (2010). Bring on the learning revolution! Henta frå: lenke | Robinson. K. (2010) Changing Education Paradigms. Henta frå: lenke | Robinson. K. (2006). How Schools Kills Creativity. Henta frå: lenke

Tips: Digitale gullappar — september 18, 2014

Tips: Digitale gullappar

Oppdatert 26.11.14, klokka 14:16.


Delingskultur. «Delt kunnskap gir økt kunnskap». Slik lyder slagordet for onlinekurset Smart Læring, der omlag 1300 ivrige lærarar og studentar utforskar korleis teknologi og digitale tenester kan bidra til å skape effektive arbeids- og læringsprosessar. Gjennom denne bloggen vil også eg forsøke å bidra til denne delingskulturen.

Post-It. Kven har vel ikkje nytta desse fargerike notislappane? Praktiske når ein skal skrive små beskjedar, gjerne til seg sjølv. Ofte fordi det er noko ein skal hugse. Anten det er dagens handleliste eller ein brilliant idé som må bevarast før den gjeng til spille. I studiekvardagen er eg avhengig av å halde kontroll over tankar og idéar. Dette kjem eksempelvis til syne når eg tek fatt på fagtekstskriving og bacheloroppgåve. Dei gode idéane kjem ikkje naudsynt akkurat når ein sitt ved tastaturet. Eg er difor avhengig av å få tatt vare på desse der og då. Eg vil difor ta føre meg ein av tenestene som har vorte viktig i min studiekvardag.

Google Keep har vorte eit viktig bidrag til mine arbeidsprosessar, frå tanke til ferdig produkt. Eg nyttar denne også til kvardagslege ting. Det vere seg dagens handleliste, eller dagens gjeremål.
Google Keep har vorte eit viktig bidrag til mine arbeidsprosessar – frå tanke til ferdig produkt. Eg nyttar denne også til kvardagslege ting. Det vere seg dagens handleliste, eller dagens gjeremål.

Google Keep: er ei teneste tilgjengeleg på ei rekkje plattformar, blant anna som app til både smartmobil og PC. Denne kan på mange måtar sjåst som ei videreutvikling av dei tradisjonelle gul-lappane. Gjennom Google Keep kan ein skrive enkle notatar, raskt og effektivt. Desse vert automatisk synkronisert til din Google-konto. Skriv du eit notat på mobiltelefonen, vil det sekundar seinare også dukke opp på alle dine andre einingar. Skulle eg plutseleg få ein idé til bacheloroppgåva mi på bussen, kan eg umiddelbart skrive den ned. Når eg seinare befinn meg ved tastaturet, kan eg prosessere tankane vidare.

Søkbart. Google Keep har dessutan ein annan viktig funksjon, som den papirbaserte forløparen manglar. Søkemotoren! Gjennom denne finn ein alltid fram til notisane ein leitar etter. Sjølv om dei skulle vere gamle, og langt tilbake i bakevja.

Fargekodar og deling. Etter at dette blogginnlegget vart skreven, har Google kome med vesentlege oppdateringar til funksjonaliteten. Blant anna har det no vorte mogleg å enkelt dele notatane med andre. Dette er ein særs etterlengta funksjon, med stor nyttegrad. Sjølv ser eg særleg nytta av å kunne dele eller motta, eksempelvis, handlelista medan eg er på farta. Den andre funksjonen som har vorte lagt til er moglegheita til å søke i fargekodar. Ein har no moglegheita til å strukturere og søke notatane etter fargar.

Nettsida DinSide publiserte nyleg ein artikkel vedrørande den oppdaterte funksjonaliteten.  Denne kan vere vert ein visitt.